Valgets kvaler


BIOLOGISK MANGFOLD

VALGETS KVALER (Cetacea veiticche). Nynorske sjødyr som meiner mange politikarar tek seg vatn over hovudet. Dei får ikkje heilt bestemt seg om dei ønsker å dele godene i Rødehavet eller å flyte på ei høgrebølge kor alle framtidsvisjonane er heilt i det blå. Diverre vil ei stemme til dei blå kunne føre til at arten blir utrydda, da dei har djupe tankar om å fjerne sidemålet. På tross av at arten ennå ikkje har teke ei avgjerd, vil dei valfarte til dei lokale kvallokalane på mandag. Heimesittarar omtalast som stranda kvaler.

12.09.2011


<< Tilbake | Skriv ut side